Oppvekst og omsorg

Oppvekst og omsorg

I  Vindafjord kommune skal alle kjenna seg trygge på at dei får hjelp, omsorg og oppfølging med omsyn til både verdigheit og kva- litet. Det vera seg barn, ungdom, pleietrengjande og eldre.

Vindafjord AP vil:

• styrka det kommunalebarnevernet

•sikra at Vindafjord kommune får SLT-koordinator på permanent basis.

•at Vindafjord kommune skal prioritere rus-førebygging i samarbeid med skule, foreldre, SLT, barnevern, helsevesen og politi.

• at det er nok barnehageplassar i nærmiljøet for alle som treng det.

• arbeida aktivt inn mot flyktningar  og framandspråklege slik at dei sender barna i barnehage. Dette vil gi ei bedre integrering, også for dei vaksne.

• at barn som er utsette for omsorgssvikt, overgrep eller har åtferdsvanskar skal få hjelp i rett tid. Her må tilsette i skulane og barnehagane ha eit særskilt ansvar for å rapportere dette til rette instansar

•at Vindafjord kommune skal bidra til ei aktiv og god folkehelse ved å støtta friviljug lagsarbeid.

•at Vindafjord kommune framleis skal ha ein kommunal «frivillighets-sentral»

•arbeida for ei fullverdig legevakt-ordning i kommunen

•oppretthalde sjukeheimar og omsorgsbustader 

•vedlikehald av bufellesskapet i Sandeid skal prioriterast i perioden

• husleige på kommunale leilegheiter/bustader skal tilpassast inntekt til leigetakar

•ha fleire tilsette innan helse og omsorg for å sikra kvaliteten på tenestene og bidra til færre sjukmeldingar mellom dei tilsette.