Natur, friluftsliv og miljø
Natur, friluftsliv og miljø
Kommunen vår har mykje fin natur både fjell, skog og sjø. Mange stader har bønder og friviljuge organisasjonar lagt til rette for at heile Haugalandet kan bruke og nyte vår flotte natur. Det er viktig å ta vare på den mangfaldige naturen me har og samstundes leggja til rette for at endå fleire kan få glede av dette.
Vindafjord AP vil:
•stimulere tilrettelegging og vedlikehold av naturstiar og merking av desse.•
gi støtte og tilrettelegging for organisert søppelrydding i naturen, så som utplassering av søppeldunkar og containerar ved større aksjonar.
•oppretthalda støtteordningar til landbruket slik at kulturlandskapet halde i hevd.•
•at etablering av industri, busetnad og fritidshus ikkje skal vera til hinder for fri ferdsel.
•at ved bygging av vindmølleparkar, kraftliner og vasskraft skal det tas omsyn til dyre- og fugleliv, rekreasjon og estetikk.
•at kommunale kaianlegg ikkje skal seljast, men vera tilgjengelige for alle.
•at areal til båthamner og båtopptrekk må sikrast slik at alle som vil har tilgang til sjø og båtliv får dette.
•styrke holdningsarbeidet mot barn og unge om å ta vare på natur og miljø.