Næringsliv
Næringsliv
Vindafjord har ca 5000 arbeidstakarar. 1500 av desse er arbeids- pendlarar ut av kommunen. Service og industri står for 90% av verdiskapinga i kommunen. Dei resterande 10% står landbruket for, og Vindafjord er den største landbrukskommunen på Hau- galandet. Vindafjord kommune er avhengig av at verdiskapin- ga innan dei ulike næringane er god.
Vindafjord Arbeiderparti vil:
•at arbeidsplassar og næring måfå utvikla seg der det er initiativ og der forholda ligg til rette for det.
•næringslivet skal stimulerast ved etableringshjelp, gode reguleringsplanar, hjelp til infrastruktur, effektiv sakshandsaming og rimelege tomtepris
• ha aktiv marknadsføring som kan gi nye etableringer og nyskapande aktivitet.
•at kommunen må leggja til rette for at det ikkje oppstår konfliktar mellom etablert næring og nyetablering
•at Dommersnes næringsområ de blir oppgradert og at marknadsføringa av denne blir bedre og meir aktiv
•at Sandeid Fengsel må oppretthaldast og ha fokus på utviding av dette
•at ved eventuell utbygging av vindkraft eller ved utnytting/ utbygging av andre naturressursar skal Vindafjord kommune krevja konsesjonsavgift/ produksjonsavgift.
• Vindafjord AP vil at det skal innførast konsesjonsavgift på havbruk/fiskeoppdrett i kommunen
• at bompengeinnkrevjing og etablering av nye bomringar ikkje skal føra til urettmessige konsekvensar for arbeidspendlarar og næring
• ha ein enklare, meir kostnadseffektiv og meir rettferdig innkrevjing av vegprising/bompengar.