Busetnad og infrastruktur

Busetnad og infrastruktur

Vindafjord kommune har ein ulik busetnad frå bygd til bygd, men også innafor dei ulike bygdene. Dette gir mangfald og liv i heile kommunen. Vindafjord AP meinar at det er viktig å halda fast ved dette og gi unge moglegheiter til å busetja seg. På den måten vidareutviklar kommunen seg også utover tettstadane.

Vindafjord Arbeiderparti vil:

• leggja til rette for at alle husstandar får  tilgang til velfungerande internett/fiber-tilkopling og arbeida for at det blir enklare å knyta seg til allereie etablerte fiberkablar.

• at bygging av sykkel- og gangvegar skal vera ei prioritert oppgåve, også på stader utanom tettbygde strok. Dette er ei viktig stimulering til å oppretthalde busetnaden i bygdene.

 •at E134 skal vera den prioriterte stamvegen mellom Vestlandet og Austlandet.

 •at bygging av ny E134 mellom Hodnafjellet og Stordalen blir prioritert og sett i gong snarast•

• gi unge mogelegheit til å byggja og etablera seg utanom byggjefelt og regulerte områder når dette ikkje er i konflikt med jordvern og miljø.•

• at Vindafjord Kommune skal ha ansvar for tomteutviklinga i kommunen.•

• Tomteprisane må vera konkurransedyktige med prisane i nabokommunane  slik at arbeidstakarar ikkje vel å busetja seg i ein annan kommune på grunn av dette