Vindafjord Arbeiderparti vil:

Fridom - Likskap - Solidaritet

Listekandidatene Vindafjord AP

Vindafjord Arbeiderparti til: 

  • Arbeida for gode offentlege tenester til innbyggarane.
  • Sørga for at vedtaka som blir gjort sikrar ein god og trygg kommuneøkonomi framover.
  • Sikra at det er godt samspel mellom politikk, administrativkommuneleiing og dei tillitsvalde.

Ein attraktiv kommune å flytta til

Kommunen har i dag større innpendling til arbeidsplassar enn utpendling. Kommunen må gjerast attraktiv for dei mange som pendlar inn til kommunen.

  • Kommunen skal ha ansvaret for den kommunale bustadpolitikken.Tomteselskapet sine oppgåver bør revurderast. 
  • Det skal satsast sterkt på startlån, slik at fleire som elles har vanskar med å skaffa seg eigen bustad, ved hjelp av dette kan skaffa seg sin eigen stad å bu.
  • Det skal vera tilgjengeleg tomter i alle bygder, og i alle felt må det vera sett av tomter til småhusbygg.
  • Kommunale tomter som har ligge for sal i mange år, kan seljast til redusert pris.
  • I kommunen bør det øyremerkast ei stilling som kan nyttast til service og hjelp for nytilflytta. Det skal gjevast informasjon og hjelp om startlån, ledige tomter, ledige bustader, med meir.
  • Kommunen skal arbeida for god mobildekning i heile kommunen, og alle husstandar skal ha tilgang til eit godt breiband.
Skoleelver som står ved helsesøster skilt

Ein god kommune å veksa opp i

Ved sida av heimane er barnehagane og skulane dei viktigaste stadanei barna si oppvekst. Det skal vera god kvalitet i barnehagane og skulane i kommunen. I tillegg skal den frivillige sektoren som arbeider for barn og unge ha gode rammevilkår.

Vindafjord Arbeiderparti til: 

  • Barn i kommunen skal få rett hjelp til rett tid.
  • Ved søskenmoderasjon skal barnehage og SFO sjåast samla, moderasjon skal gjevast på det samla tal barn familien har i barnehage og SFO.
  • Betaling i barnehage og SFO skal reduserast kraftig frå tredje barn, om mogleg takast heilt bort.
  • Skulane skal oppgraderast, og ein plan med langsiktig prioritering må vedtakast.
  • Arbeida for at Ølen VGS blir styrka, samt motivera ungdom til å søka på denne skulen.
  • Det skal arbeidast for å få på plass SLT-koordinator i kommunen, aleine eller saman med ein annan kommune.
  • Sikra eit framleis fagleg sterkt barnevern.
  • Det skal tilsettast kommunal psykolog, aleine eller saman med ein annan kommune.

Ein god kommune når du treng omsorg

Den eldre delen av befolkninga vil auka i åra som kjem. Dette vil setja krav til den kommunale prioriteringa. Andre grupper enn eldre vil også ha behov for ulike kommunale omsorgstiltak.

Vindafjord Arbeiderparti vil:

  • Foreslå at kommunen set i gong eit grundig arbeid for å planlegga korleis eldreomsorga skal vera dei neste tiåra. Omsorgsbustader, trygdebustader, heimesjukepleie, sjukeheimar, dagsenter, med meir, må vurderast i dette arbeidet.
  • Prispolitikken på utleigebustadene skal gjennomgåast.
To hender som holder

Ein god kommune å driva næring i

Vindafjord kommune har mange flotte bedrifter. Desse må sikrast gode rammevilkår. Samtidig har kommunen ei rolle i å legga til rette for nye bedrifter og nye næringar.

Vindafjord Arbeiderparti vil: 

  • Området på Dommersnes må vidareutviklast og marknadsførast. Kaien skal også i framtida vera kommunal, og inntil bedrifter kjøper areal skal området vera i kommunal eige.
  • I kommuneplanen skal det setjast av område til næringsutvikling i Skjold, og kommunen bør ta initiativ til å kjøpa området.
  • Det er trong for straumtilførsel for å få til det grøne skiftet. Kommunen må difor vera pådrivar for at det er nok kapasitet i straumnettet.

Ein god kommune å vera tilsett i

Det er dei tilsette i kommunen som er viktigast for at kommunen skal nå sine mål og for at innbyggarane skal få gode tenester.

Vindafjord Arbeiderparti vil:

  • Kommunen sine eigne tilsette skal ha kompetanse til å gjera flest mogleg av dei kommunale tenestene.
  • Dei kommunale tenestene skal utførast av kommunen. Private oppgåver skal ikkje aukast på bekostning av dei som blir utført av kommunen.
  • Arbeidet for at flest mogleg av dei tilsette skal ha faste – og heile –stillingar skal fortsetja.
  • Kommunen skal vera ein stor og god arbeidsplass for lærlingar.
  • Kommunen vil prioritera gode ordningar for eigne tilsette som vil oppgraderakompetansen sin.
Natur - bildet er tatt opp mot himmelen av tretoppene

Ein god kommune å bu i

Livskvalitet består av både det me gjer på jobb og fritid. I noko av dette kankommunen og ha ei rolle.

Vindafjord Arbeiderparti vil:

  • Vegvedlikehaldet i kommunen skal prioriterast høgare.
  • Sikra fortsatt minst like gode ordningar for friviljug idretts- og foreiningsliv.
  • Stimulera til merking og utbygging av stiar og turvegar.
  • Arbeida for at flest mogleg av innbyggarane blir tilknytta offentleg vann og avløp.
  • Arbeida for offentleg tilgjengelege badeplassar og båtutsettingsramper.

Påverknad av andre

Det er saker som andre enn kommunen har ansvar for, men som ordførar og lokalparti må arbeida for å få til.

Vindafjord Arbeiderparti vil: 

  • Arbeida aktivt for at Solheim-Bakka får oppstart.
  • Arbeida for at Sandeid fengsel blir oppretthalde.
  • Arbeida for at politidekninga i kommunen minst er på nivået det er i dag, men helst blir betre.
  • Halda god kontakt med fylkeskommunen for at fylkesvegnettet skal få ei oppgradering.
Familie - far, sønn og datter på tur