Partiprogram 2023-2027

Fridom - Likskap - Solidaritet

Profilbilde av listekandidatane Wenche Sanbekken Lilleland og Øyvind Valen

Vindafjord Arbeidarparti bygger vår politikk på verdiane fridom, likskap og solidaritet. Dette er grunnverdiane i sosialdemokratiet.

Vår visjon er eit rettferdig samfunn utan fattigdom og ufred, der innbyggarane er frie, likestilte og har påverknad på sine eigne liv. Dette gjeld både for barn, arbeidsføre, uføre, sjuke og eldre.

Kvar av oss skal ha muligheit til å leva gode liv i små og store fellesskap. Vindafjord er ein god kommune å leva i, og slik ynskjer me også at det skal vera i framtida. Dette gjeld uavhengig av kvar i kommunen ein bur.

Listekandidatene Vindafjord AP

Vindafjord AP stiller med et sterkt lag til kommunevalet 2023.

Bak frå venstre: Arnfinn Øverland, Ottar Krakk, Reidar Håvås, Anne Kristine Andersen, Øyvind Vestbø, Svein Ivar Langhelle.I midten frå venstre: Øyvind Valen, Wenche Sandbekken Lilleland, Hanne Stine Vannes og Erik Hjelm Fjeldheim.Foran: Solvår Langeland.I tillegg stiller Geir Krokå, Jarle Frølandog Oddgeir Andersen på lista vår.